Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Søknad om løyve til anlegg for gjenvinning og deponering av jord og stein som ikkje er forureina i Bjørnafjorden kommune
- Høyringsfrist:
- 9. mai 2025 23:59
Klosterparken AS under etablering ved AS Helldal & co søkjer om løyve etter forureiningslova for avfallsanlegg på Lysekloster i Bjørnafjorden kommune.
Søknaden gjeld oppfylling av omlag 2 700 000 m3 jord og stein som ikkje er forureina i dalen mellom Langedalen og Lysekloster. I tillegg vil drifta omfatte knusing, sortering, vidareforedling og lagring av reine stein- og jordmassar. Det er søkt om å ta imot 250 000 tonn per år.
Det er søkt om å sleppe ut vatn frå anlegget til Sjøbøelva etter reinsing.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til [email protected], eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2024/18974. Frist for å gje fråsegn er 9. mai 2025.
Alle fråsegner vert registrert i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.