Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Undersøker dødsfall på Haukeland
Etter at ein mann fekk for mykje cellegift og døydde, opnar Fylkesmannen i Vestland tilsyn med Haukeland universitetssjukehus.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 30.06.2020
Mannen i 50-åra var under behandling for kreft, og fekk ei ti gongar for stor dose med cellegift. Saka vart varsla til Statens helsetilsyn, som har sendt saka til Fylkesmannen i Vestland for vidare oppfølging.
Saka blir òg etterforska av politiet som har forrang. Tilsynet blir difor starta opp etter avtale med dei.