Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Korleis går vi frå Leve heile livet til Bu trygt heime?
Bli med på konferansen 4.-5. oktober. Få ny kunnskap om den nasjonale satsinga Fellesskap og meistring - Bu trygt heime, og få innblikk i kunsten å bli eldre.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Statsforvaltaren og det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland inviterer til konferanse om Leve heile livet, Bu trygt heime og Demensplan 2025, på Sandsli i Bergen. Trond-Viggo Torgersen og Kristopher Schau rundar av konferansen med temaet kunsten å bli eldre. Vi arrangerer denne hausten ein felles konferanse for heile Vestland.
Dei to dagane byr på variert program rundt innsatsområda i den nye stortingsmeldinga Fellesskap og meistring - Bu trygt heime. Vi vil presentere stortingsmeldinga, sett i samanheng med Leve heile livet og den nye folkehelsemeldinga. Du får også ny kunnskap om, mellom anna, demens og folkehelsa i Vestland, og gode døme og erfaringar frå det gode arbeidet som er gjort ute i kommunane.
Heile programmet finn du under «Dokument».
Konferansen kan inspirere tilsette og leiarar i kommunar og fylkeskommunen, politikarar, eldreråd, frivillige organisasjonar, utdanningsinstitusjonar, helseføretak og næringslivet.
Meir informasjon og moglegheit for påmelding finn du i kurskalenderen til Statsforvaltaren.
Kontaktpersonar
-
Anne Eli Wangen
Tlf: 57 64 31 65 -
Ragna Flotve
Tlf: 55 57 21 72 -
Beate Helland
Tlf: 55 57 22 15