Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Nytt verktøy for planleggjing av bemanning på helsestasjon
Helsedirektoratet lanserer eit nytt verktøy, som skal gjera det enklare for kommunane å berekna og planlegga bemanninga på helsestasjonar 0-5 år.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Verktøyet er tilgjengeleg i form av ein enkel Excel-fil og ein brukarrettleiing som ein lastar ned til PC-en sin.
Utrekning av bemanning i helsestasjons- og skulehelsetenesten
Verktøyet er utvikla i tett samarbeid med leiarar og fagpersonar frå helsestasjons- og skulehelsetenesten og viser minimumsbehovet for helsesjukepleiar, lege, fysioterapeut og merkantilt personell for å fylla krav i Forskrift om kommunens helsefremmende og forebyggende arbeid i helsestasjons- og skolehelsetjenesten og tilrådingar i nasjonal fagleg retningsline for helsestasjons- og skulehelsetenesta.
Ved å leggje inn eigne tal, kan kvar enkelt helsestasjon nytte verktøyet til å planleggje kor mange helsesjukepleiarar, legar, fysioterapeutar og merkantilt personell dei må ha på jobb.
Under Covid-19 bør kommunane halda oppe eller retta opp igjen normal aktivitet i helsestasjon, skulehelsetenesten og helsestasjon for ungdom.
Webinar
I samband med publisering av verktøyet, inviterer Helsedirektoratet til eit webinar onsdag 20. januar 2021 frå klokka 14.00 - 15.00. Her blir verktøyet gått gjennom og Helsedirektoratet vil og svara på spørsmål frå deltakarane.