Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Førebyggande heimebesøk til eldre
Stadig fleire kommunar tilbyr førebyggande heimebesøk til eldre. Tema for slike besøk er til dømes tryggleik i heimen, fysisk helse, ernæring, sosialt nettverk, hjelpemidlar og aktivitetar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Helse- og omsorgsdepartementet meiner at slike heimebesøk kan vere eit godt verktøy for kommunane når dei driv førebyggande arbeid blant eldre. Førebyggande heimebesøk kan føre til at fleire kan leve lenger i sin eigen bustad og oppleve større meistring i sin eigen kvardag, og dermed betre livskvalitet.
Frå 2003–2013 har det vore ein auke frå 8 til 25 prosent av landets kommunar som tilbyr førebyggande heimebesøk. Eit utviklingsprogram i regi av Helsedirektoratet syner samstundes at kommunane saknar rettleiingsmateriale som fortel om fagleg innhald og metodikk. Direktoratet har derfor fått i oppdrag å utarbeide ein rettleiar om førebyggande heimebesøk. Rettleiaren er venta å vere klar innan utgangen av 2016.