Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Mykje elektrisk og elektronisk avfall blir ikkje sortert ut og handsama korrekt
Vi har kontrollert seks verksemder som driv med mottak og handtering av EE-avfall. Handteringa av EE-avfall må forbetrast i alle ledd.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tilsynsaksjon for å hindre at miljø- og helseskadelege stoff forureinar
Aksjonen er ein del av arbeidet for å hindre at EE-avfall blir handtert ulovleg og kjem på avvegar. Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) som ikkje blir handtert forsvarleg, kan føre til at miljø- og helsefarlege stoff lekk ut og forureinar naturen. Tilsynsaksjonen var initiert av Miljødirektoratet og var felles for alle statsforvaltarembeta i landet.
EE-avfall skal leverast til anlegg med løyve til å ta imot denne type avfall eller til kommunale mottaksanlegg. I aksjonen blei det ført tilsyn med korleis slike anlegg handterer avfallet som dei mottar.
Privatpersonar legg EE-avfall i feil container på miljøstasjonar
Funna frå tilsyna tyder på at mange privatpersonar legg EE-avfall i metallcontaineren på miljøstasjonar og ikkje i bur/containerar for EE-avfall. Det er arbeidskrevjande å finne igjen og sortere ut alt EE-avfallet når det først er blanda saman med anna avfall.
Mottaksanlegga har ikkje gode nok rutiner for å gå gjennom avfallet, og har ikkje meldt tilbake til kommunane/dei interkommunale selskapa om at det er mykje EE-avfall i metallet og at det må gjerast noko for å betre sorteringa på miljøstasjonane.
EE-avfall kan innehalde komponentar med farlege stoff som utan forsvarleg handtering og behandling kan bidra til å forureine miljøet. Det er derfor viktig at slikt EE-avfall blir sortert ut og behandla separat, slik at farlige stoffer behandlast på en trygg måte før resten av avfallet går til materialgjenvinning.
Manglande utsortering av EE-avfall
Vi fant i våre tilsyn at mange anlegg ikkje sorterer ut for eksempel transformatorar, elektromotor, el-syklar, el-rullestolar, dreiebenk og større gjenstandar som elektriske garasjeportar.
Manglar i rutiner for miljøsanering
Tilsyna viste at anlegga ikkje har gode nok rutiner for miljøsanering. Dette gjer at ikkje alle farlege komponentar i EE-avfallet blir plukka ut før materialgjenvinning.
Vegen vidare
Statsforvaltaren vil følgje opp anlegga ved å kontrollere at brot på lovverket blir retta opp.
Tilsynsrapportane er tilgjengelege på www.norskeutslipp.no
Resultata frå den landsdekkande aksjonen er presentert i Miljødirektoratet sin rapport M-2216 i 2022, sjå lenke til høgre på sida.