Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Midlar til kompetanseheving og rekruttering i landbruket

Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane har lyst ut midlar til kompetanseheving og rekruttering i landbruket. Søknadsfristen er 15. april.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.03.2019

Målet for midlane er å medverke til rekruttering til landbruket og kompetanseheving for næringsutøvarar som kan styrke verdiskapinga i landbruket regionalt. Det vert tildelt midlar til både kortare kurs og prosjekt.

Til grunn for tildelinga ligg Plan for rekruttering og kompetanseheving i landbruket i Sogn og Fjordane 2019 som er vedteken av hovudutval for plan, næring og kultur i fylkeskommunen.

Meir om ordninga og korleis du søkjer på Sogn og Fjordane fylkeskommune sine sider.