Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Kan eg søkje om SMIL-midlar til fjerning av piggtråd?
Mange ønsker å fjerne gamal piggtråd og spør landbrukskontoret om dei kan søke om SMIL-midlar til å gjennomføre arbeidet. Svaret er at det kan vurderast i nokre tilfelle, til dømes som eit fellestiltak i kommunen.
Føremålet med SMIL-ordninga (spesielle miljøtiltak i jordbruket) er å motivere til eit ekstra arbeid som tar vare på miljøverdiane i kulturlandskapet og reduserer forureininga frå jordbruket. Du kan søkje kommunen om tilskot til miljøtiltak som krev innsats og kostnadar utover det som er forventa i vanleg jordbruksdrift.
Dyrevelferdslova er klar på at ansvaret for vedlikehald og fjerning av gjerde ligg til den som er ansvarleg for gjerdet. Det skal difor ikkje løyvast SMIL-tilskot til fjerning av piggtråd på eigedom der det vert drive vanleg jordbruksdrift og der ansvaret for gjerdehald ligg til grunneigaren.
Når kan SMIL-tilskot vurderast?
Det er kommunen som behandlar og prioriterer mellom SMIL-søknadane. I nokre tilfelle kan dei prioritere søknadar om fjerning av piggtråd av omsyn til miljøinteresser og ferdsel for ålmenta.
Døme på tilfelle der det kan vurderast er:
- I område der det er uavklarte eigar- og/eller ansvarsforhold og det er viktig å legge til rette for ferdsel og beiting i jordbrukslandskapet.
- I fellesprosjekt for større område. Eit døme er Voss herad som i samarbeid med Mattilsynet, Bondelaget, Bonde- og småbrukarlaget og renovasjonsselskapet IHM gav godtgjersle for innlevering av piggtråd. Ordninga vart mellom anna finansiert av SMIL-midlar og midlar frå Vestland fylkeskommune.