Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Skjønnsmidlar til fornying og innovasjon for 2026

Statsforvaltaren set av ein del av skjønnsmidlane til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Føremålet er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar for å gjere tenestene betre for innbyggjarane, og stimulere kommunane til å jobbe med fornying og innovasjon.

Publisert 01.09.2025

Vi inviterer kommunane til å søke om prosjektmidlar til fornying og innovasjon for 2026.

Søknadsfristen er 3. november 2025.

Søknadane skal som tidlegare registrerast i den felles søknads- og rapporteringsportalen Prosjektskjønn, https://prosjektskjonn.statsforvalteren.no 
Søknadsperioden er frå 1.09.2025. til og med 3.11.2025.

I høgre kolonne finn de utsendt brev til kommunane, og retningslinjene frå Kommunal- og distriktssdepartementet om prosjektskjønn. I brevet finn de og framgangsmåte for registrering av nye brukarar av portalen.

Vi legg følgjande søknadsføremål til grunn for 2026:   

    • Kommunale tenester til helse og omsorg
    • Kommunale tenester til barnehage og skule
    • Kommunal tenesteutvikling for utsette barn og unge
    • Interkommunalt planarbeid
    • Samfunnstryggleik og beredskap
    • Klima- og miljøutfordringar 
    • Økonomisk berekraft og omstillingsarbeid

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.