Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Nytt rekrutteringsprogram for personar utanfor arbeid og utdanning
Helsedirektoratet og Nav samarbeider om eit nytt tilskot for rekruttering til dei kommunale helse- og omsorgstenestene. Søknadsfristen er 24. mars.
Ordninga er retta mot personar som står utanfor arbeid og utdanning, og skal samtidig bidra til å møte kommunane sitt langsiktige behov for kvalifiserte medarbeidarar.
Målet med ordninga er å redusere utanforskap ved å rekruttere primært unge til arbeid i den kommunale helse- og omsorgstenesta, og legge til rette for kompetanseutvikling for deltakarane i programmet.
Meir informasjon om tilskotet finn du på heimesida til Helsedirektoratet: Rekrutteringsprogram for personer utenfor arbeid og utdanning - Helsedirektoratet
Rekrutteringsprogrammet gir kommunane økonomisk støtte til å ta imot og følgje opp deltakarar i samarbeid med Nav. Ordninga skal leggje til rette for tett oppfølging, gradvis kvalifisering og overgang til arbeid i kommunale tenester.
Les meir om rekrutteringsprogrammet på heimesida til Helsedirektoratet: Rekrutteringsprogram for flere ansatte i de kommunale helse- og omsorgstjenestene - Helsedirektoratet