Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Tidsavgrensa førarkort ved behandlingskrevjande diabetes
Alle med diabetes som bruker blodsukkersenkande legemiddel må innan 1. januar 2023 levere helseattest til Statens vegvesen for å få nytt tidsavgrensa førarkort.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Vanleg varigheit for førarkort i gruppe 1 er 15 år. For førarkort i høge klasser i gruppe 2 og 3 er vanleg varigheit 5 år.
Dersom førarkortinnehavar har ei helsesvekking kan legar tidsavgrense førarretten for å sikre oppfølging, og/eller på grunn av vilkår i helsekrava til førarkort.
Det er vanlegvis fastlege som skriv ut skjema helseattest-førerrett etter ei helseundersøking.
Meir informasjon om helsekrava og behandlingskrevjande diabetes kan ein finne på heimesida til Statens vegvesen og i Helsedirektoratet sin førarkortrettleiar IS-2541