Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Nasjonal beredskap
Vår nasjonale beredskap kan gjerne omtalast som summen av eigenberedskap, lokal beredskap og regional beredskap.
Ansvaret for å ivareta nasjonal beredskap er ei integrert linjeoppgåve, noko som inneber at vi finn ein ansvarleg statsråd med eit departement, som den øverste ansvarlege for beredskap i dei ulike samfunnsfunksjonane. Det nasjonale samfunnstryggleiksarbeidet er basert på dei grunnleggande prinsippa om ansvar, likskap, nærleik og samvirke.
- Ansvarsprinsippet, som inneber at den organisasjon som har ansvar for eit fagområde i ein normalsituasjon, óg har ansvaret for naudsynte beredskapsførebuingar og for å handtere ekstraordinære hendingar på området
- Likskapsprinsippet, som inneber at den organisasjon ein opererar med under kriser i utgangspunktet skal vere mest mogleg lik den organisasjon ein har til dagleg
- Nærleiksprinsippet, som inneber at kriser organisatorisk skal handterast på lågast mogleg nivå
- Samvirkeprinsippet, som inneber at myndigheiter, verksemder eller etater har et sjølvstendig ansvar for å sikre eit best mogleg samvirke med relevante aktørar og verksemder i arbeidet med forebygging, beredskap og krisehandtering