Vi har fått nytt nettsted. Dette nettstedet blir ikke lenger oppdatert. Du finner oss på statsforvalteren.no.
Vrakpant på kasserte fritidsbåtar
Mindre fartøy som seglbrett, kano, gummibåt med skrog og kajakk, inngår også i tilskotsordninga.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kasserte fritidsbåtar kan innehalde deler som kan skade miljøet. I tillegg kan det være farlege stoffer i båten, for eksempel frå botnstoff i skrog.
Dei fleste fritidsbåtar i Noreg er laga av komposittmateriale. Dumping av slike båtar i havet vil føra til nedbrytning som over tid fører til mikroplast i havet.
Kva for båtar kan få vrakpant?
Ein fritidsbåt er eit fartøy til sports- og fritidsbruk med skroglengde inntil 15 meter (49,21 fot), uavhengig av totalvekt, og som ikkje brukas til næring.
Mindre fartøy som seglbrett, kano, gummibåt med skrog og kajakk, inngår i tilskotsordninga.
Les meir om ordninga på heimesida til Miljødirektoratet.
Her finn du og informasjon om korleis du skal gå fram for å få utbetalt kr 1 000 i vrakpant.
Søknadsfrist
Båtar kan leverast heile året, men søknad må sendast i perioden 1. januar til 1. desember.
Spørsmål og hjelp
Spørsmål om søknadssenteret kan rettast til Miljødirektoratet på e-post [email protected] eller telefon 951 23 500 (man - fre kl. 10.00 - 14.00).
Kontakt oss
Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18
E-post
[email protected]
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding