Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Elektronisk søknadsskjema for skilsmisse
Det nye skjemaet følgjer opp fjorårets søknadsskjema for separasjon. No er det altså mogleg å søkje om både separasjon og skilsmisse elektronisk.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
- Dei involverte i ein skilsmisse er i ein sårbar situasjon. Målet er difor å hjelpe dei med ein raskare, sikrare og betre søknadsprosess, seier Anne Kristin Eitungjerde hjå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
Den digitale søknaden er med på å korte ned saksbehandlingstida, og brukaren slepp å fylle ut papirskjema på gamlemåten.
Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet og Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet er initiativtakarar til å utvikle eit digitalt skjema. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utvikla og levert løysninga, i samarbeid med Fylkesmannen i Oslo og Akershus.
For dei som føretrekk å nytte papirskjema, er det framleis mogeleg å søkje om separasjon og skilsmisse på gamlemåten.