Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Fri rettshjelp
Fri rettshjelp er advokathjelp som heilt eller delvis blir dekt av staten. Fri rettshjelp omfattar både fritt rettsråd og fri sakførsel. Fritt rettsråd er rettleiing og hjelp i juridiske spørsmål utanfor rettargang. Fri sakførsel er rettshjelp i saker som går for domstolane.
I nokre typar saker kan du få økonomisk støtte til juridisk rådgiving eller støtte til å føre ei rettssak for domstolane. Om du treng fri rettshjelp, kan du kontakte Fylkesmannen eller ein advokat.
I kva typar saker kan du få fri rettshjelp?
Eksempel på saker der du kan få fri rettshjelp, er familiesaker, visse typar klagesaker til Nav, erstatning for personskade, oppseiing/utkasting frå bustad eller oppseiing i arbeidsforhold. Du kan også få fri rettshjelp dersom du søkjer om valdsoffererstatning. Også i andre saker er det unntaksvis mogleg å få fri rettshjelp. Dersom du har forsikring som dekkjer utgifter til juridisk hjelp, vil du som regel ikkje få fri rettshjelp.
Inntekts- og formuesgrense
For å få fri rettshjelp må du ha ei inntekt som ligg under inntektsgrensene i rettshjelplova. Fylkesmannen og domstolane kan i visse tilfelle gjere unntak frå reglane om inntekts- og formuesgrenser.
Uavhengig av inntekt og formue kan du få fri rettshjelp
- i barnevernssaker for Fylkesnemnda for sosiale saker
- i saker for Kontrollkommisjonen for psykisk helsevern og rettssaker om utskriving frå tvangspålagt psykisk helsevern
- i saker om militærnekting
- i saker om tvangsekteskap
- i saker der eit valdsoffer krev erstatning frå gjerningsmannen
- i saker om erstatning for ugrunna straffeforfølging
- for å vurdere melding i samband med valdtekt
- for å vurdere melding i sak om menneskehandel
Eigendel
Dersom du mottek fri rettshjelp, skal du som hovudregel betale ein eigendel av hjelpa. Det er ingen eigendel i saker der fri rettshjelp blir gitt uavhengig av inntekt og formue. Dersom du har ei årleg bruttoinntekt på under 100 000 kroner, skal du heller ikkje betale eigendel.
I saker med fritt rettsråd er eigendelen éin gong den offentlege salærsatsen (som per januar 2015 er 970 kroner). I saker med fri sakførsel utgjer eigendelen 25 prosent av utgiftene (maks fem gonger salærsatsen). Det er advokaten som krev inn eigendelen.
Fri rettshjelp i utlandet
Alle søknader om fri rettshjelp i utlandet blir behandla av Fylkesmannen i Oslo og Akershus.