Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Regional ordning for barnehagar

Oppdatert 08.04.2024

Regional ordning skal bidra til at barnehagar utviklar den pedagogiske praksisen sin gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling. Kompetanseutviklinga skjer i samarbeid med universitet og høgskular. Tiltak skal byggje på analyse av kompetansebehovet, og tiltaka blir gjort i samarbeid med universitet og høgskular. 

Ordninga skal bidra til å gjere arbeidet med kompetanseutvikling meir føreseieleg og langsiktig for barnehageeigarar, universitet og høgskular.

Målgruppe for kompetansetiltaka

Målgruppe for tiltaka er alle tilsette i barnehagar som deltek i regional ordning.

Melde kompetansebehov

Det er eigarar av offentlege og private barnehagar som analyserer og deretter melder behov for kompetanseutvikling til Statsforvaltaren. Eit nettverk av eigarar kan velje å gå saman om å melde behov for kompetanseutvikling.

Tilskotsordning

Samarbeidsforum behandlar behovsmeldingane. Statsforvaltaren fattar vedtak på bakgrunn av innstillinga frå samarbeidsforum og gir økonomisk støtte til barnehageeigarar og universitet og høgskular som deltek i arbeidet.

Tildelte midlar skal brukast til etterutdanning, kollektiv kompetanseutvikling for tilsette i barnehagen, og omfatte så mange medarbeidarar som mogleg i barnehagen. Midlane kan ikkje brukast til individuelle vidareutdanningar for leiarar eller tilsette i barnehagen.

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.