På grunn av ferieavvikling har vi redusert kapasitet i sommar. Det kan føre til lengre saksbehandlingstid på alle område.
Det blir ikkje gjort utbetalingar frå kapitalkonto i veke 29 og 30.
I veke 31 og 32 må det dessverre reknast med redusert kapasitet, og behandlingstida kan derfor bli noko lengre enn vanleg.
Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører.
Vi veit av erfaring at talet på søknader om bruk av kapital aukar på framover. Det kan påverke saksbehandlingstida.
Vi rår derfor alle verjer til å sende oss ein søknad om bruk av kapital så snart som mogleg dersom verjehavaren skal ha pengar utbetalt til ferien.