Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Tingvollost fekk pris for beste meieriprodukt

Den vellagra blåmuggosten Kraftkar frå Tingvollost AS gjekk av med sigeren for Årets beste meieriprodukt i Det Norske Måltid. Kristin Waagen og Egil Smith-Meyer mottok den gjeve prisen under prisutdelinga i Stavanger torsdag.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.01.2015

Tingvollost og familiegarden i Torjulvågen er eit førebilte for småskalprodusentar og bønder over heile landet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal er stolte av å ha ei slik føregangsbedrift her i fylket. Vi gratulerer Tingvollost med Årets beste meieriprodukt!

Lenkjer