Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Webinar - Å halde hjula i gang - meir bruk av tre i kommunane

Dato:
19. juni 2020 08:30 - 09:40
Stad:
Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS
Målgruppe:
politikarar og tilsette i kommunane, fylkeskommunen, anna offentleg forvalting, spesielt (noverande og potensielle) medlemmer i det interkommunale nettverket i Vestland fylke

Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS inviterer hermed til eit webinar for klimasmarte kommunar som ønskjer å satse på meir bruk av tre i kommunale og private bygg.

Publisert 04.06.2020

Vi har snekra saman eit program som tek for seg ulike perspektiv frå kommunen, treindustrien og Kommunalbanken knytt til meir bruk av tre i bygg. Vi trur at dette vert ei interessant og relevant samling. Vi ber om påmelding via vår nettside her. 

Program:

Velkomen 

 

Fylkesmannen i Vestland har eit prosjekt “Tresatsing i Vestland fylke”. Etablering av eit kommunalt nettverk er del av dette. Kva inneber dette? 

Dirk Kohlmann, Fylkesmannen i Vestland 

Bergen kommune har nyleg vedteken å etablere ein eigen Klimaetat og har ambisjon om å bli “den grønaste byen» i Noreg. 

Eva Brit Isager, Bergen kommune 

Treindustrien har vore ein næringspolitisk pådrivar for å få fokus og merksemd hjå det offentlege, byggenæringa og andre aktørar.  Kommunane er viktige for «å halde hjula i gang».  

Heidi Finstad, Treindustrien 

Sirkulær økonomi utfordrar korleis byggemåten vår og kva vi gjer med eksisterande bygningsmasse. Trebaserte konsept kan forlenge levetida av bygg.  

Aasmund Bunkholt, TreFokus AS 

Kommunalbanken støtter kommunale investeringar. Banken har fokus på miljø, berekraft og sirkulær økonomi. Eit produkt er «Grøne lån» i denne samanheng.  

Kia Kriens Haavi, Kommunalbanken 

Spørsmål og svar, kommentarar 

 

 

Påmelding

Dato:
19. juni 2020 08:30 - 09:40
Stad:
Teams
Arrangør:
Fylkesmannen i Vestland og Trefokus AS
Målgruppe:
politikarar og tilsette i kommunane, fylkeskommunen, anna offentleg forvalting, spesielt (noverande og potensielle) medlemmer i det interkommunale nettverket i Vestland fylke

Kontaktpersonar