Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Skjønnsmidlar til fornying og innovasjon for 2024

Statsforvaltaren set av ein del av skjønnsmidlane til fornyings- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Føremålet er å gi kommunane støtte til å prøve ut nye løysingar for å gjere tenestene betre for innbyggjarane, og stimulere kommunane til å jobbe med fornying og innovasjon.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.08.2023

Vi inviterer kommunane til å søke om prosjektmidlar til fornying og innovasjon for 2024.

Søknadsfristen er 1. november 2023.

Søknadane skal som tidlegare registrerast i den felles søknads- og rapporteringsportalen Prosjektskjønn, sjå lenke til høgre. Søknadsperioden er frå 4.09.23. til og med 1.11.2023.

I høgre kolonne finn de utsendt brev til kommunane, og retningslinjene frå Kommunal- og distriktssdepartementet om prosjektskjønn. I brevet finn de og framgangsmåte for registrering av nye brukarar av portalen.

Vi legg følgjande søknadsføremål til grunn for 2024:   

    • Kommunale tenester til helse og omsorg
    • Bustadsosialt arbeid
    • Kommunale tenester til barnehage og skule
    • Kommunal tenesteutvikling for utsette barn og unge
    • Digital forvaltning
    • Interkommunalt planarbeid
    • Samfunnstryggleik og beredskap
    • Klima- og miljøutfordringar knytte til klimaomstilling, tap av naturmangfald, eit giftfritt miljø eller endringar i havmiljøet

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.