Søknad om løyve til utfylling i sjø - utviding industriområde- Døsjaneset i Øygarden kommune
- Høyringsfrist:
- 12. mai 2025 23:00
Brødrende Ulveseth Eigedom AS søkjer om løyve etter forureiningslova til anleggsarbeid i sjø. Døsja industeriområde skal utvidast med utfylling i sjø. Døsjeholmen i Øygarden kommune
Utfyllinga er estimert til 174 000 m3 sprengstein i sjø over eit sjøbotnareal på 25 250 m2. Rådgivende Biologer har utarbeidd ei risikovurdering for anleggsarbeidet i sjøen og har søkt om ulike avbøtande tiltak for å redusere fare for forureining og negativ påverknad på marine naturtypar og registrerte fiskeriinteresser til eit akseptabelt nivå. Det skal mellom anna nyttast siltgardin rundt utfyllingsområdet, og utfylling skal ikkje skje i gyteperioden til torsk i Døsje gytefelt, som er sett til frå februar til april. Forventa oppstart er i august 2025, med ei varigheit fram til februar 2026, om lag seks månader.
Offentleg ettersyn
Saksdokumenta finn du til høgre på denne nettsida.
Merknader til søknaden kan du sende til [email protected], eller til Statsforvaltaren i Vestland, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger.
Merk saka med referansenummer 2025/5372. Frist for å gje fråsegn er 12. mai 2025.
Alle fråsegner vert registrerte i vår postjournal. Alle må difor skrive under med fullt namn.
- Høyringsfrist:
- 12. mai 2025 23:00