Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Orientering om pågåande arbeid med nytt tilskot til klimarådgiving

Forskrifta om tilskot til klimarådgiving blei fastsett 23.02.2026. Landbruksdirektoratet arbeider no med å ferdigstille søknadssystemet for tilskotsordninga, med mål om å opne for søknader i løpet av første halvår 2026.

Publisert 08.04.2026

Ordingssida blir oppdatert fortløpande

Det er oppretta ei ordningsside for tilskotet som blir oppdatert jamleg med informasjon og nyheiter om ordninga og søknadsskjema:

Tilskudd til klimarådgiving - Landbruksdirektoratet

Kven kan søkje om tilskot til klimarådgiving?

Tilskot til klimarådgiving kan givast til jordbruksføretak som oppfyller vilkåra for å motta tilskot etter forskrift om produksjonstilskot og avløysartilskot i jordbruket, og som har motteke klimarådgiving for eigen jordbruksproduksjon.
Tilskotet blir gitt for klimarådgiving gjennomført etter rådgivingsopplegg godkjent av Landbruksdirektoratet. Rådgivinga skal ha resultert i ein plan for tiltak som har som mål å redusere jordbruksføretaket si klimabelastning og betre føresetnadene for å tilpasse seg eit klima i endring.

Bønder som har motteke klimarådgiving i 2025 etter RMP-fristen kan søkje tilskot i den nye ordninga

Tilskot til klimarådgiving som er gjennomført i 2025 etter årets RMP-søknadsfrist, må søkjast om i den nye tilskotsordninga etter at ho trer i kraft og søknadssystemet opnar i løpet av første halvår 2026.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar