Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Gudsteneste i skuletida

Skulane kan arrangere skulegudsteneste som ein del av den generelle kultur- og tradisjonsformidlinga. Men gudstenesta skal ikkje vere ein del av RLE-faget.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.12.2013

I eit brev til fylkesmennene november 2007 presiserte Utdanningsdirektoratet i kva grad skulane kan arrangere eller delta i gudstenester. Direktoratet ønskjer mest mogleg felles handtering av dette i skulane.

Gudstenesta kan gjennomførast som ein del av den generelle kultur- og tradisjonsformidlinga i skulen, men presiserer at:

• gudstenesta ikkje kan vere ein del av RLE-faget
• det er enkelt for heimane å forstå kva dei eventuelt skal be seg fritekne frå
• informasjon vert formidla i god tid, med rimeleg frist for fritak
• elevar som får fritak, får tilbod om ikkje-diskriminerande fritaksordningar
• heimen ikkje må gje ut informasjon om eiga tru