Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

110 nye statsborgarar deltek på seremonien laurdag 6. april 2019

Seremonien er ei høgtideleg markering av ein viktig overgang i livet. I år held vi ein felles seremoni for fylket i Ålesund.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.04.2019

Dei 110 deltakarane kjem frå 29 land som representerer 22 av kommunane i Møre og Romsdal.

Årets gjestetalar er fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen. Lena Nymark og Dag-Filip Roaldsnes vil stå for kulturelle innslag.

FAKTA OM STATSBORGERSEREMONIEN:
• Fylkesmannen inviterer kvart år nye statsborgarar over 12 år til statsborgarseremoni.
• Målet er å ønskje nye statsborgarar velkommen og markere at nye medlemmer tas opp i det norske fellesskapet.
• Seremonien er ein festdag og det er frivillig å delta for nye statsborgarar.
• Neste statsborgarseremoni blir arrangert i 2020.