Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Gården som arena for gode og førebyggande tenester for barn og familie
Inn på tunet Norge SA inviterte nyleg til workshop i Molde, med fokus på garden som arena for gode og førebyggande tenester for barn og familie. Workshopen samla over 30 deltakarar både frå interesserte gardar og godkjente Inn på tunet-gardar til fagleg påfyll og refleksjonar.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Fagleg påfyll og refleksjon
Marie Teigland, Statsforvalteren i Møre og Romsdal og Siri Ingeborg Bruem, Statsforvaltaren i Trøndelag opna samlinga. Prosjektleiar Leif Kvitvang presenterte utviklingsprosjektet, som er delfinansiert av Trøndelag og Møre og Romsdal fylkeskommuner, og eigd av Inn på tunet Norge SA. Prosjektet fokuserer på å utvikle tenestekonsept innan barn og familie, samt vidaregåande opplæring.
Kvitvang presenterte funn frå ei spørjeundersøking som SINTEF har utført på vegne av prosjektet. Dette gav innblikk i status hos oppdragsgivarane innan fagområdet barn og familie. Aktuelle utfordringar og moglegheiter innan tenestene er viktigheita av å gjere tilbodet kjent, gode samarbeid på tvers stram kommuneøkonomi, og økte behov for hjelpetiltak som er stadig meir komplekse.
Behov for fleire akuttberedskapsheimar
Barnevernstenesta i Molde, representert ved Gunn Risan Nakken og Kristin Heggdal la fram korleis barneverntenesta jobbar opp mot barn og familie. Deltakarane fekk innsyn i korleis systemet fungerer og eit innblikk i den overordna organiseringa. For tida manglar Bufetat mange akuttplasseringsalternativ og ordinære plasseringsalternativ både her i fylket og nasjonalt, og barnevernet håper at fleire av Inn på Tunet gardane på sikt vil vurdere å ta imot fosterbarn for korte eller lengre periodar. Dei la vekt på at Bufetat tilbyr gode kurs og opplæring i forkant. Dei ser også stor nytte av familiar som har moglegheit til å ta imot hele familiar, eller en forelder med egne barn og potensiale i å bruke garder som samværsarena. Tidleg innsats er ein nøkkelfaktor.
Tenesteutvikling og idémyldring
Dagleg leiar i Inn på tunet Norge, Hege Lindstrøm, leia ein engasjerande workshop der deltakarane arbeidde i grupper for å utvikle nye tenestekonsept. Her fekk alle deltakarane høve til å bidra med sine idear og perspektiv på korleis gardane kan fronte tenestane sine på for barn og unge på ein innovativ måte. Deltakarane vart også utfordra på å tenke kva som skil eit Inn på Tunet-tilbod frå andre tilbod som rettar seg mot barn og familie, og utfordra på å tenke alternative måtar å tilby tenester på.
Vegen vidare
Inn på tunet Norge SA ser på denne workshopen som eit viktig steg i arbeidet med å utvikle gode og førebyggande tenester for barn og familie. Hege Lindstrøm uttrykte stor takksemd for dei verdifulle innspela og engasjementet frå deltakarane, og ser fram til vidare arbeid med å realisere dei nye tenestekonsepta.
Med ei aktiv styringsgruppe som inkluderer representant frå bondelaget, nettverket IPT Møre og Romsdal, medlemsgardar i fylka, fylkespolitikarar og Statsforvaltarane i Trøndelag og Møre og Romsdal, er prosjektet godt rusta til å oppnå måla.