Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.

Innbyggjarundersøking veke 48 og 49

Kva for ein kommune bør Liabygda vere del av? Stranda eller Fjord? Alle innbyggarar over 16 år som bur i Liabygda får seie si meining.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.11.2024

Du som bur i Liabygda vil få ein telefon frå Opinion ein gong mellom 25. november og 8. desember. Nummeret dei vil ringe frå er: 488 41 237

Dei vil ringe mellom 16.30 og 21.30 på kvardagar og mellom 13.00 og 18.00 i helger. 

Du vil få spørsmålet:

Meiner du at Liabygda skal bli i Stranda kommune slik som i dag, eller bli ein del av Fjord kommune, eller har du ingen meining om dette?

Det blir også mogleg å seie at du ikkje vil gi eit svar. 

Vi har forsøkt å finne alle aktuelle telefonnummer. Dersom du ikkje har høyrt frå oss mot slutten av veke 49, må du gjerne ta kontakt. 

Takk for at du vil gi ditt svar!