Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Tverrfagleg samarbeid, individuell plan og koordinator
Personar med behov for tenester frå fleire ulike aktørar treng at tenestene samarbeider godt, samt at tenestene er målretta og koordinert.
Publisert 26.11.2025
I slutten av 2023 arrangerte Statsforvaltarane i Møre og Romsdal, Troms og Finnmark og Innlandet eit webinar om tverrfagleg samarbeid.
Bakgrunn for webinaret var endringane i velferdslovgivninga med verknad frå 1. august 2022.
Programmet i webinaret var:
- Tverrfagleg samarbeid, individuell plan og koordinator v/ Eilin Reinaas, SF Møre og Romsdal
- Barnekoordinator v/ Anne-Beathe Horten, SF Innlandet
- Strukturerte tverrfaglige oppfølgingsteam v/ Trude Gulbranson, Kinn kommune
Mange har etterspurt opptak av dette webinaret, og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har no fått teksta innlegget om Tverrfagleg samarbeid, individuell plan og koordinator. Innlegget er like aktuelt i dag, og blir med dette tilgjengeleg for fleire.
Lenke til opptaket: https://v.imgi.no/dedap2a6bf