Vi har fått ny nettstad. Denne nettstaden blir ikkje lenger oppdatert. Du finn oss på statsforvaltaren.no.
Kongens Fortjenstmedalje til Berit «Bibbi» Bøhn
Søndag 28. september blei Berit «Bibbi» Bøhn heidra med Kongens Fortjenstmedalje. Ordførar i Aure kommune, Henning Torset, overrekte medaljen under Trondheim Kammermusikkfestival.
Berit Bøhn har i fleire tiår vore ein sentral aktør i norsk musikkliv – med eit brennande engasjement for å styrke det kulturelle og musikalske miljøet, både nasjonalt og internasjonalt. Ho har vore rådgjevar, prosjektleiar og frivillig i ei rekkje institusjonar og festivalar, mellom anna Hardanger Musikkfest, Ungdomssymfonikerne, Oslo Kammermusikkfestival, Risør kammermusikkfest og Dronning Sonja Internasjonale Musikkonkurranse.
I tillegg har ho gjort ein uvurderleg innsats i helsesektoren, der ho har kopla musikk og kultur til behandling av alvorleg sjukdom ved Kreftavdelinga på St. Olavs Hospital. Filosofien hennar om menneskeverd har gitt pasientar og pårørande håp og glede i krevjande tider. Ho har via livet sitt til musikken, og innsatsen hennar har sett varige spor.
Vi gratulerer med velfortent heider!
Kontaktpersonar
-
Andrea Farfan
Tlf: 71 25 85 91